Hopp til innhold

Storsjarmøren Zanto viser deg alle kunstane sine

Den sjarmerande hunden Zanto kan gjere mange uvanlege ting til å vere ein hund. Her kan du sjå alle kunstane den har lært seg.

Video Zantos påske

SJÅ VIDEO: Sjå alle påfunna til Zanto. Foto: Juliane Kravik, NRK.

Kvar kveld i påska har Påskekveld på NRK1 sendt ein episode med storpuddelen frå Hyllestad. Den vesle hunden har sjarmert mange TV-sjåarar dei siste dagane.

Plukkar påskeegg

Det er matmor Torhild Marie Hansen som har lært opp Zanto. For storpuddelen frå Hyllestad kan noko ikkje alle andre hundar kan.

Den kan nemleg stå på ski, plukke påskeegg og hente seg ei god krimbok. Den blir også våryr, forelska og flørtar med ein annan hund.

Hansen har lenge drive på med å trene den seks år gamle hunden sin.

Zanto

LES KRIM: Som mange nordmenn i påska, likar Zanto ein god krim.

Foto: Juliane Kravik / NRK

Zanto

PÅ SKI: Zanto klarer også å stå på ski. Gåing er det verre med.

Foto: Juliane Kravik / NRK
– Han tykkjer det er moro å få til nye ting, seier matmor Hansen.

Viktig å vere tolmodig

Ho har sin eigen blogg der ho fortel om trening med hund. Ho har mellom anna lært opp puddelen til å stå på langrennsski.

Dei byrja treninga før jul, og i mars klarte han å stå på skia med stavane i labbane.

Hansen minner om at det er viktig å vere tolmodig, og ikkje kjefte på ein hund som ikkje lærer med éin gong.

– Viss hunden ikkje gjer som du vil, er det du som instruktør som må tenkje nytt. Og ros og variert løn for strevet er svært verdifullt, seier Hansen.

Torhild Marie Hansen med Zanto og Robin

VAR EIT SAMANSVEISA TREKLØVER I MANGE ÅR: Torhild Marie Hansen og hundane Zanto (t.v.) og Robin som no er død.

Foto: Privat