Hopp til innhold

Bli med til Kari for eit juleselskap på direkten

På torsdag blir det både fersk julebakst, smakfull julemat, fine gjester og stemningsfull musikk når NRK Sogn og Fjordane inviterer til juleselskap på radioen direkte frå Fjordamattunet i Jølster.

Steinar Lindstrøm, Stian Sjursen Takle, Gro Ravnestad og Kari Støfringsdal

JULESELSKAP: Steinar Lindstrøm, Stian Sjursen Takle, Gro Ravnestad og Kari Støfringsdal inviterer til juleselskap på direkten frå Fjordamattunet i Jølster.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Selskapet kan du følge direkte på NRK Sogn og Fjordane klokka 14.03 til 16.00 med Gro Ravnestad og Stian Sjursen Takle som programleiarar.

Vi har invitert eit knippe med folk til Fjordamattunet for å lage god førjulsstemning. God julemat blir sjølvsagt ein viktig del av juleselskapet. Kari Støfringsdal som driv Fjordamattunet skal lage herleg julebakst i steinomnen sin, og radiokokken vår Steinar Lindstrøm kjem for å lage tradisjonsrikt pålegg, fortel dei to programleiarane som gler seg til direktesendinga.

Politikk, humor og musikk

Jenny Følling leia arbeidsgruppa

GJEST: Fylkesordførar Jenny Følling er blant gjestane.

Foto: Hans Jakob Reite
Jens Brekke

MORO: Ordkunstnaren Jens Brekke kjem til å lokke fram latteren hos både programleiarane og lyttarane.

Foto: Odd Inge Gjeraker / NRK

Men det blir mykje anna enn julemat også i juleselskapet på radioen. Fylkesordførar Jenny Følling kjem rett frå fylkestinget og ein turbulent kvardag som ny sjef for fylket til sendinga.

Ho vil sjølvsagt få spørsmål om korleis den siste tida har vore, men ho vil også fortelje kva forhold ho har til julehøgtida.

Gode forteljingar får også god plass i juleselskapet på Fjordamattunet. Jens Brekke frå Vik er ein ordkunstnar og ein historieforteljar av rang. Han kjem med både godt humør og artige historier.

Dessutan blir det fleire musikalske godbitar når det 14 år gamle talentet Alice Kucevic Hugøy frå Florø kjem med julesongar til selskapet.

Vi speler din julemelodi

Reporter i NRK Sogn og Fjordane Even Lusæter kjem også som gjest til sendinga. Han er ein dyktig folkemusikar og god historieforteljar. Så her er det duka for god stemning i ei travel førjulstid.

– I tillegg opnar vi for at folk skal kunne ønskje seg melodiar som får dei i god førjulsstemning.

– Det er berre å sende oss epost - sf@nrk.no, ringe vår automatiske telefonsvarar på 57724200 eller sende oss sms med kodeordet SF til 1987. Pass på å få med kvifor du ønskjer deg nett denne melodien, seg seier dei to programleiarane.

Alice Kucevic Hugøy

GODBITAR: 14 år gamle Alice Kucevic Hugøy frå Florø byr på musikalske godbitar.

Foto: Pressefoto