Hopp til innhold

Ingen har gjort det før han. Så kasta Even seg utfor den høge sjøklippa

Aldri før har nokon våga å hoppe frå den høgaste sjøklippa i Nord-Europa. Det var før Even Flo frå Stryn tok motet til seg.

Video Slik er det å hoppe frå Hornelen i Bremanger

FEKK GUTEDRAUMEN OPPFYLT: Bli med på det første basehoppet frå Hornelen i historia. Eit hopp Even Flo har drøymt om i 17 år.

Hornelen i Bremanger ragar 860 meter over havet. Det gjer den til den aller høgaste sjøklippa i Nord-Europa.

Even Flo har drøymt om å hoppe herfrå i 17 år. Vanskelege landingsforhold og utfordrande vêrforhold har gjort at det har blitt med draumen.

Men i går skreiv han historie og som den aller første i verda kasta han seg utfor.

Inspirert av Tor og Odin

Men det var langt ifrå sikkert at det skulle gå. For vêrgudane må vere i godt humør dersom det skal gå å hoppe frå klippa langt ute i havet.

– Det er litt mykje vind akkurat no. Det går greitt å landet, men til å hoppe i er den for kraftig, fortel Flo tidleg på dagen.

Stryningen er inspirert av norrøn mytologi, då folk trudde at gudane Tor og Odin kunne kome flygande ned frå 860 meter høge sjøklippa ikledd fjør frå fuglar.

– Det er litt det eg håpar å gjere i dag. Ta på meg vengene mine og flyge ned og rundt spiret og utover sjøen, seier Flo.

Han er galen

Etter fleire timar med venting snur endeleg vinden. Frå ein båt kan ein sjå Flo trippe ut på spissen. Så hoppar han.

– Han er rett og slett berre heilt galen, seier kamerat Thomas Hagen som følgjer hoppet frå båten.

Bli med på det spektakulære svevet i videoen under.

Video Slik er det å hoppe frå Hornelen i Bremanger

SVEV: Slik er det for ein basehoppar å kaste seg utfor Hornelen. Bileta er frå Joakim Sommer sitt hjelmkamera.

– Forløysande

Til applaus frå dei andre landar Flo i fjæra etter vel halvanna minutt i lufta.

– Det var veldig kjekt og veldig forløysande. Dette har eg venta på veldig lenge, seier Flo etter hoppet.

Basehopparen skildrar hoppet utfor Hornelen som meir som eit rutinehopp reint flyteknisk, og seier han har hoppa langt vanskelegare hopp.

– Men det var veldig løye. Ein artig fyketur blant ørnene som heldt oss med selskap her i dag, seier Flo.

Blir ikkje det nye Kjerag

I tillegg til Flo var det to andre som også stupte utfor Hornelen torsdag kveld. Flo trur det vil kome fleire basehopparar hit, men trur forholda gjer at det ikkje blir veldig mange.

– Ein må ta ferje ut hit, og ein treng å ha båt for å bli plukka opp på landingsplassen, så logistikken gjer Hornelen litt utilgjengeleg. I tillegg ligg det heilt ute i havet, både vêr og vind spelar inn. Så eg trur ikkje dette blir det nye Kjerag, seier Flo og legg til:

– Men det er ein veldig flott og kjekk plass, så eg trur nok vi blir fleire som får erfare dette.