Hopp til innhold

Bil utfor vegen på E39

Ingen vart fysisk skadde då ein bil køyrte utfor vegen på E39 ved Svidal i Jølster laurdag føremiddag.

Bil utfor vegen i Jølster
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Både ambulanse, brannbil og politiet rykte ut til ulukkesstaden.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 10.35.

E39 vart ikkje stengd, og trafikken går som normalt forbi ulukkesstaden.

 Politiet seier dei ikkje har mistanke om promille, men at utforkøyringa skjedde etter ei forbikøyring.