Hopp til innhold

Bil med tre utfor vegen

Ein bil med tre personar hamna i ettermiddag utfor vegen i Nordpollen i Selje.

Nordpollen i Selje

– Det var tre personar i bilen, som gjekk rundt og hamna på sida. Folk på staden fekk sjølv snudd bilen og dei kom seg ut ved eiga hjelp, får NRK opplyst frå politiet sin operasjonssentral.

Personane i bilen melde raskt frå til politiet om at dei var uskadde eller lettare skadde. Politiet melde om ulukka klokka 14.53, og alle naudetatane rykte ut til staden.

Dei involverte er sende til sjukehus og lege for kontroll, opplyser politiet.

Vegen er open.