Hopp til innhold

Bil med tre personar køyrde i fjellveggen

Tre personar kom uskadd frå det då bilen dei sat i hamna i fjellveggen i Kjølsdalen i Nordfjord.

Ulukke Haus riksveg 15 21.11.2015

SNØFØRE: Her hamna personbilen i fjellveggen. Vitne fortel at det er skikkeleg slapseføre på vegen, slik biletet viser.

Foto: Hans-Petter Gilleshammer

Politiet fekk melding om ulukka på riksveg 15 mellom Stårheim og Bryggja klokka 16.14. Ingen skal kome fysisk til skade i ulukka, men dei tre inolverte er rutinemessig send til legesjekk, fortel operasjonsleiar for politiet, Ole Tom Nord.

Ulukkesstaden er no rydda og det er fri passering, seier Nord klokka 17.20. Like før klokka halv fem melde politiet at dei var på staden og at dei då venta på ambulansar.

– Det er mest for sikkerheits skuld at ambulansen er på veg. Det var blant anna ei gravid dame med i bilen. Men alle er ute av bilen og oppegåande, så det er ingen synlege teikn på at dei er skadde, seier Nord.

Utanom den gravide kvinna var bilføraren, ein mann, og eit barn involvert i ulukka.

Rett etter ulukka var mindre trafikale problem på staden, ifølgje politiet. Bilen stod i vegen etter å ha vore i fjellveggen.

Haus