NRK Meny
Normal

Bil i fjellveggen ved Fjordbase

Ein mann er lettare skadd etter at han køyrde i fjellvegen i Florø.

Bilføraren er send til Førde sentralsjukehus etter ulukka.

ULUKKE: Politiet veit førebels ikkje kva som var årsak til ulukka som skjedde onsdag morgon.

Foto: Eivind Nordvik Hauge

– Ein bil var involvert i ulukka, og føraren er send til Førde sentralsjukehus med lettare skadar, fortel Trond Hatlenes, operasjonsleiar i Vest politidistrikt i Florø.

Meldinga om ulukka kom like før klokka 07. Føraren er ein mann i slutten av tenåra, skriv politiet på Twitter.

Vegen er stengt på staden, men det er venta at den kanskje kan opne kring klokka 8. Bilbergar er no på staden.

– Det kan vere fare for kø, så vi tilrår at folk køyrer på sørsida om Solheim, seier Hatlenes.