Hopp til innhold

Evakuerte hus etter bilbrann

Alle naudetatane rykte laurdag kveld etter melding om ein bil i brann i nærleiken av Norum Kyrkje i Sogndal.

Brann Sogndal

EVAKUERT: Bilen stod i brann like i nærleiken av eit hus, og bebuarane vart evakuerte til flammane var under kontroll.

Foto: NRK-tipsar

– Det er ikkje folk i bilen, men brann i ein bil som står på eit tun, sa Rune Jansen ved operasjonssentralen til politiet like etter meldinga kom inn ved 18-tida laurdag.

Både politi, ambulanse og brannvesen rykte ut, men klokka 18.35 melder politiet at faren er over.

– Brannen er sløkt og alt er under kontroll, seier operasjonsleiar hjå politiet i Sogn og Fjordane, Bengt Ness.

Brannvesenet evakuerte folk i eit hus låg like ved staden der bilen stod i brann, fordi dei frykta brannen skulle spreie seg til huset.

– Folk har fått lov til å gå inn att i huset no, seier Ness.

Årsaka til bilbrannen er førebels ikkje kjend. Politiet kjem til å gjere ei åstadsgransking etter helga.

norum kyrkje