NRK Meny

Han gjekk ut for å flytte bilen - då tok elva huset hans

Ein av dei som miste huset sitt i Flåmsdalen kan prise seg lukkeleg for at han framleis er i live. For då Flåmselvi tok huset hans var han ute for å flytte bilen sin.

Flåmsdalen etter flaumen

SLIK SER DET UT I DAG: Flåmselvi har teke fleire hundre meter av vegen i Flåmsdalen.

Foto: Odd Lothe Ohnstad

Artikkelen er mer enn to år gammel.

Det er Odd Lothe Ohnstad som fortel dette. Den eldre mannen vart evakuert til han.

– Det var eit yngre par som bur lengre framme i dalen og som var på veg til meg. I det dei passerer denne garden såg dei at han sat i bilen sin, og huset var vekk. Han var nett ute for å flytte på bilen, og medan han var ute så fôr huset.

Det yngre paret fekk manne med seg opp til Lothe Ohnstad, som driv Haugen gardsmat.

– Han var prega av situasjonen, det ville vel kven som helst ha vore.

Vart sjølv evakuert

Husa til Lothe Ohnstad ligg så høgt at dei ikkje er skadde av flaumen, men dei vart likevel evakuerte i natt.

– Det var greitt, for dei var redde for at det skulle demme seg opp lengre framme i dalen. Viss det hadde skjedd torer eg ikkje tenke på kva som kunne ha skjedd. Vi får vere takknemlege for at det ikkje gjekk verre enn det har gjort, trass alt.

Men det er ille nok som det er.

– Det er vekk fleire hundre meter med veg både her og der, og ein heil del jord har reist, og endå verre er det at folk har mist husa sine. Dette blir det ei stor oppgåve å rydde opp i, seier Odd Lothe Ohnstad.

Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar