Balholm fekk sin tredje pris

På under eitt år har Balestrandverksemda Balholm fått tre prisar.

Åge Eitungjerde

Dagleg leiar Åge Eitungjerde og Balholm har fått nok ein pris. Under Matfestivalen i Ålesund vart dei tildelt prisen som årets leverandør av økologiske produkt.

Foto: Kristine Askvik / NRK

I oktober i fjor vanka det Bygdeutviklingspris til verksemda og i mars tok språkprisen til Sogn og Fjordane Mållag same veg . Nyleg vart fruktmostprodusenten også kåra til årets leverandør av økologiske produkt.

- Det betyr anerkjenning. At vi blir lagt merke til. Men dette er ein pris som vi deler med dei som leverer råvarene; fruktmiljøet i Sogn som i dag er dei viktigaste økologiske fruktdyrkarane i landet, fortel dagleg leiar Åge Eitungjerde.

For lite råvarer

Den siste prisen vart delt ut under Matfestivalen i Ålesund. Det er Bioforsk økologisk, Møre og Romsdal fylke og den Norske Matfestivalen som deler ut den årvisse prisen. I juryen sit også representantar for Debio og St. Olavs Hospital.

- Det er utruleg kjekt. Sidan vi produserte den første flaska i 1999, så har vi arbeidd med å få opp den økologiske produksjonen. Vi kunne nok basert oss på berre økologiske produkt, men råvaretilgangen er for låg, seier Eitungjerde.

Frå eitt til seks årsverk

Verksemda tel i dag seks årsverk, fordelt på ni tilsette. Då verksemda såg dagens lys i 1996, var det berre eitt årsverk ved Balholm. I dag produserer dei mellom 60 og 80 000 liter økologisk fruktmost. Ei tidobling i løpet ti åra.

- Vi har vore med på heile oppturen, frå økologiske produkt var noko sært og berre for spesielt interesserte, til i dag då det nesten er trendvare. Kjedane satsar og det er stor utbreiing av økologiske produkt, seier Eitungjerde.

Økologisk halvdel

Den økologiske produksjonen utgjer nær halvparten av totalproduksjonen. Men den kunne vore langt større med betre tilgang til råvarer.

- Vi kunne køyrt heile produksjonen økologisk, om vi berre hadde fått nok økologiske eple, pære og bær. Etterspurnaden er der. Dei fleste ville nok føretrekt at alt var økologisk, seier Eitungjerde.

- Har utmerka seg

Ein av faktorane som juryen trekte fram i grunngjevinga, er at verksemda har som mål at økologisk naturmost frå Sogn skal vere tilgjengeleg i daglevarebutikar over heile landet.

- Balholm utmerkar seg gjennom arbeidet dei har gjort for å motivere til større produksjon av økologisk frukt. Dei har også klart å bygge opp eit godt samarbeid med fagmiljø når gjeld utvikling av råvarer, videreformidling og distribusjon, sier Anne Berit Løset, tidlegare landbruksdirektør i Møre og Romsdal.

Femte året

Vidare skriv juryen at verksemda har sterkt fokus på å ta vare på næringsstoffa i produkta fram til forbrukar. Dei økologiske produkta i drikkesegmentet er ernæringsmessige gode produkt, sunne og ikkje tilsett sukker. Det blir også framheva at Balholm har fokus på design og produktpresentasjon.

I fjor var det Tine BA som fekk prisen. Åra før der har prisen gått til Godt Brød (2007), Trygve og Erna Sundt (2006) og Rørosmeieriet (2005).