Hopp til innhold

Avviste nok eit krav om ti månader fengsel

Påtalemakta meinte sogningen i 20-åra måtte bak lås og slå for ei lang rekkje lovbrot. For andre gong vart dei ikkje høyrde i rettssalen.

Gulating lagmannsrett

VART IKKJE HØYRD: Statsadvokaten kravde ti månader fengsel for sogningen i 20-åra, men vart heller ikkje i lagmannsretten høyrd.

Foto: Rune Victoria Engen / NRK

Sogn tingrett dømde mannen til 200 timar samfunnsstraff for fleire straffbare forhold, mellom anna to tilfelle av vald og truslar mot politiet. Men påtalemakta anka avgjerda.

Nyleg vart denne avvist i lagmannsretten.

Sat 93 dagar i varetekt

Påtalemakta stod fast på påstanden om ti månader fengsel, og grunngav dette med at det i utgangspunktet ikkje skal reagerast med samfunnsstraff ved lekamsskading og vald mot offentleg tenestemann.

Mannen sat 93 dagar i arrest og varetekt etter pågripinga.

Forsvararen stod derimot på sitt og meinte samfunnsstraff var best eigna med tanke på behandling både for rus og psykiske problem.

– Kortvarig løysing

Som tingretten landa lagmannsretten på at verken tiltalte eller samfunnet ville vere tent med at mannen på nytt måtte i fengsel utan omfattande behandling og tett oppfølging.

Det fungerte ikkje for han sist han måtte bak lås og slå, og lagmannsretten støtta seg til at ei lengre fengselsstraff ville vere ei kortvarig løysing.

Mannen har sidan ungdomsåra slite med psykiske problem og rusavhengnad. Han har gjort fleire mislukka forsøk på å bli rusfri, men har vist positiv utvikling siste halvåret.

Straffa blir ståande

Difor såg fagfolk med uro på kva følgjer ei fengselsstraff vil få for vidare behandling. Sjølv om han på eige initiativ fortalde at han har drukke mindre mengde alkohol og ved nokre anledningar har røykt hasj i det siste, endra ikkje det på lagmannsretten sitt syn på straffereaksjon.

– Når dette samanfattast med at domfelte i høvesvis nær framtid er sikra kvalifisert behandling i institusjon, og i mellomtida har tett oppfølging frå ansvarsgruppa, kan ikkje lagmannsretten sjå anna enn at det bør idømmast samfunnsstraff, skriv lagmannsretten.

Dermed vart straffutmålinga på 200 timar samfunnsstraff, med gjennomførings- og tilsynstid på eitt år ståande.