NRK Meny

Auke for yrkesfaga

52 fleire 10-klassingar har søkt seg til yrkesfag i år enn i fjor. Det kom fram då søkartala til vidaregåande opplæring vart offentleggjort i ettermiddag. Yrkesfaga som hadde størst oppgang var helse og oppvekst, elektrofag og service og samferdsel. Samtidig var det nedgang i søkarane til bygg- og anleggsteknikk, naturbruk og design-fag. Totalt var det 4043 søkarar med ungdomsrett som søkte om vidaregåande opplæring på skule i Sogn og Fjordane.