Hopp til innhold

Årdal utklassa Høyang

Med solide 7-1 over Høyang klatra Årdal til andreplass på tabellen i 3. divisjon for menn.

Grøntrøyene vann som dei ville og slutta ikkje før det stod 1-7 i målprotokollen. Preben Strypet og Ole Gunnar Hunderi scora tre mål kvar.

Strypet har med det 25 mål i 3. divisjon og er før søndagens oppgjer mellom Selje og Stryn mestscorande i divisjonen.

MÅLRIK AVSLUTNING PÅ 3. DIVISJON

Høyang - Årdal 1-7 (0-3)

Kampen er i gang

5 min. 0-1 Preben Strypet. Den tidlegare Kaupanger-spelaren er no berre eitt mål bak brørne Steinar og Asbjørn Tenden i kampen om toppscorarstatusen.

19 min. 0-2 Tim Teigen.

38 min. 0-3 Ole Gunnar Hunderi.

Det er pause i industribygda.

65 min. 0-4 Preben Strypet.

75 min. 0-5 Ole Gunnar Hunderi

76 min. 1-5 Alexander P. Øren.

84 min. 1-6 Preben Strypet. Strypet er no toppscorar i 3. divisjon med 25 mål. Det er berre Asbjørn Tenden som kan ta i frå han toppscorar tittelen.

90 min. 1-7 Ole Gunnar Hunderi. Ringreven set inn si tredje scoring for dagen. Det vert også siste scoring i kampen.

Kampen er slutt