NRK Meny

Arbeidsulukke i Hyllestad

Ein mann i 30-åra er frakta til sjukehus med luftambulanse etter ei arbeidsulukke i Hyllestad. Det skriv Vest politidistrikt på Twitter. Mannen skal ha falle ned ei trapp. Til Bergens Tidende seier politiet at mannen var medvitslaus og at han er alvorleg skadd. Arbeidstilsynet er varsla om ulukka og ulukka skal ha skjedd ved eit skipsverft i Hyllestad.

Vegopning på Bergum i Førde kommune