NRK Meny

Arbeidslivet blir stadig farlegare

Ein ny rapport frå Arbeidstilsynet viser ei dobling i talet melde valdshendingar på norske arbeidsplassar. Tilsette i helse- og sosialtenester er særleg utsette. – Vi ser ein aukande tendens til vald og trugslar i arbeidslivet, og dette er ei utvikling vi vil bidra til å motverke, seier direktør Ingrid Finboe Svendsen.