Hopp til innhold

NAV meiner folk må vere meir viljuge til å flytte på seg for å kome ut av arbeidsløysa

NAV meiner at arbeidsledige i Sogn og Fjordane må bli enda meir viljuge til å flytte på seg for å kome seg attende i jobb.

Frode Henden

MEIR MOBILT: Frode Henden i NAV peikar på at folk må vere meir mobile for å få seg jobb.

Dei nyaste arbeidsløysetala blei presentert i dag, og dei syner at særleg kommunar som Stryn og Vågsøy slit med forholdsvis høg arbeidsløyse enn resten av fylket. Frode Henden i NAV meiner at fleire arbeidsledige må vere viljuge til å ta jobbar i andre delar av fylket - og landet.

– Vi ser heilt klart at det er moglegheiter for å få seg jobb, både i andre deler av landet og andre deler av fylket vårt. Vi såg jo når vi hadde nedlegginga av Fundo i Høyanger at veldig mange veldig raskt valde å finne seg jobb i andre deler av fylket, og vende tilbake når ting losna i kommunen, seier Frode Henden til NRK.no.

Større arbeidsmarknad

Han peikar på at generelt er det jo slik i NAV at dei ønskjer at ein skal flytte på seg geografisk og gjerne også yrkesmessig dersom det finst moglegheiter andre stader.

– At ein skal flytte til ein heilt annan del av landet raskt, er sjølvsagt meir krevjande. Vi ser jo og at arbeidsmarknadane i fylket vårt bli stadig større i den forstand at folk aksepterer å pendle lengre enn ein gjorde tidlegare, seier Henden.

Skal mykje til

Han peikar på at NAV er veldig tydelege på at dersom dei finn ein høvande jobb til ein arbeidsledig ein annan stad enn der vedkomande bur, så må ein ta imot denne jobben.

– Det skal ganske mykje til for at ein kan få status som lokal arbeidssøkjar, og såleis kunne seie nei til ein jobb i ein annan kommune. Det er jo ikkje den samtalen vi tek den første dagen, men det er klart at den samtalen må vi ta når folk går utan jobb i fleire månader, sler Henden fast.

Få permitterte

Men med 1,7 prosent av arbeidsstyrken heilt utan arbeid i oktober, har Sogn og Fjordane klart lågast arbeidsløyse i landet. Deretter kjem dei andre vestlandsfylka med 2,0 prosent, og på landsnivå er no 2,5 prosent registrert ledige.

– Ei viktig årsak er at vi for tida har svært få permitterte, seier direktør Tore Thorsnes i NAV Sogn og Fjordane

Aukar i fylket

Samanlikna med oktober i fjor, har arbeidsløysa i Sogn og Fjordane likevel auka med 112 personar, tilsvarande 13 prosent. På landsnivå er auken 12 prosent. Det er no 989 heilt ledige i Sogn og Fjordane og 68 002 på landsnivå.

Stryn og Vågsøy har ein auke på høvesvis 43 og 32 personar. Desse kommunane har også høgast arbeidsløyse i fylket, med høvesvis 3,1 og 3,5 prosent. Seks kommunar har ei arbeidsløyse på under éin prosent. Aller lågast er Gulen med 0,6 prosent.