Hopp til innhold

Ap klart størst på måling

Har stø kurs mot to mandat i valet.

Ingrid Heggø og Tor Bremer

SIKRE KORT: Ap-kandidatane Ingrid Heggø og Tor Bremer har grunn til å smile: Begge ligg an til sikre plassar på Stortinget.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Arbeidarpartiet ser ut til å bli det klart største partiet i fylket med 28,8 prosent av stemmene, syner ei meiningsmåling presentert i Bergens Tidende i dag - berre tre dagar før valet.

Med det held dei med god margin to mandat på Stortinget.

Ap må likevel tole ein liten tilbakegang på 0,7 prosentpoeng på målinga.

Sp langt unna målet

Senterpartiet går fram 2,0 prosentpoeng, og ligg an til å bli nest størst i fylket med 23 prosent, og får med det inn eitt mandat - langt unna målet om to mandat frå Sogn og Fjordane.

- Så langt kan ein ikkje seie å ha sett nokon Liv Signe-effekt i Sogn og Fjordane, seier valekspert Knut Henning Grepstad til avisa.

Tredje størst i fylket er Framstegspartiet, som med ein framgang på 0,6 prosent til 16,0 prosentpoeng også får inn eitt mandat.

Framgang for Høgre

Høgre er det fjerde største partiet med 10,6 prosent. Partiet opplever ein framgang på 2,2 prosent i Sogn og Fjordane, og gjer i ei måling utført av Respons for Aftenposten også stor framgang i landsmålestokk .

KrF går tilbake 0,5 prosent til 8,5 prosent.

SV fell 0,7 prosent til 8,4, noko som gjer at fonyingsminister Heidi Grande Røys er langt unna ein plass på Stortinget.

Venstre taper 2,8 prosent og endar opp 3,0 og Raudt får 0,7 prosent på meiningsmålinga i Bergens Tidende.

Slik blir mandatfordelinga

Skulle resultatet i meiningsmålinga også bli resultatet på valdagen, ligg Trude Brosvik (KrF) an til å stikke av med utjamningsmandatet frå Sogn og Fjordane.

Dermed kan den nye Sogn og Fjordane-benken bli slik:

Ingrid Heggø (Ap)

Tor Bremer (Ap)

Liv Signe Navarsete (Sp)

Åge Starheim (Frp)

Trude Brosvik (KrF)