Hopp til innhold

Anne Grethe leitte i nesten eitt år etter katten Sigvald

Etter nesten eitt år på villstrå er katten Sigvald og matmor Anne Grethe Breisnes i Aurland lukkeleg gjenforeinte.

Anne Grethe Breisnes og katten Sigvald

ENDELEG SAMAN IGJEN: Anne Grethe Breisnes og katten Sigvald

Foto: Privat

– Det heile starta på med eit veterinærbesøket i fjor haust. Sigvald hadde fått ein skade i munnen som eg ville at veterinæren skulle sjå på, fortel Breisnes.

Veterinærkontoret ligg i nabokommunen Lærdal. Bilturen dit gjekk fint, Sigvald koste seg transportkassen, og var nøgd med tilværet. Det vil seie heilt til dei kom fram til veterinærkontoret.

– Då vart han heilt vill og braut seg ut av transportkassen og forsvann, fortel Breisnes.

For med til historia høyrer det at for ni år sidan var Sigvald også hjå veterinæren, og den oppleving set tydleg i enno.

– Då eg fekk var han ein ni månader gamal villkatt. Etter at han var blitt vant til oss, tok eg han med til veterinæren og fekk han kastrert.

Nesten eitt år på rømmen

Fortvila over katten som var vekk sett Breisnes i gang leiting.

– Dyrevernlaget var og med leitte, og eg var i kontakt med synske to gonger.

Katten Sigvald

SKEPTISK TIL VETERINÆRAR: Katten Sigvald rømde frå dyrlegen og var villstrå i nesten eitt år.

Foto: Privat

Men Sigvald sporlaust vekk. Breisnes held fram med leitinga heilt til i februar i år, då byrja ho å miste håpet om at ho nokon gong skulle få sjå att katten. Men så fekk dei tips om at katten kanskje kunne vere sett lenger opp i dalen.

– Der hadde dei sett ein stor katt, som dei først trudde var ei gaupe. Seinare oppdaga dei at katten hadde tatt tilhald i eit stabbur på garden.

Saman med dyrevernslaget i Lærdal byrja Breisnes å sette ut mat til katten. Då katten til slutt var trygg nok, fekk dei fanga den i ei felle der dei hadde sett ut mat.

– Han vart litt redd med ein gong, men roa seg fort, seier Breisnes.

Anne Grethe Breisnes og katten Sigvald

HADDE NESTEN GITT OPP: Etter nesten eitt åra hadde Anne Grete Breisnes nesten gitt opp håpet om få sjå katten sin igjen.

Foto: Privat

Nyt livet

Breisnes tok katten med seg i bilen, og heile vegen heim til Aurland prata og song ho til katten, så han skulle venne seg til å vere med folk igjen. Ho var veldig spent korleis det kom til å gå når katten kom heim igjen.

– Vi har ein katt til som heiter Lurvetass, han hadde mannen min tatt inn. Når eg sleppte Sigvald inn gangen så sprang han rett inni stova og kikka seg rundt før han for rett til matfatet til Lurvetass og åt opp fisken som låg der.

Etter at maten var unnagjort tok han seg ein ny inspeksjonsrunde i huset, for å sjekke at alt var i orden før han kom inn i stova til Breisnes og mannen.

– Eg prata litt til han og då hoppa han rett opp i fanget mitt og môl og var så kjælen. Dette ei fantastisk historie og eg vil takka alle i Lærdal som var med å leitte etter han, seier Breisnes.