Hopp til innhold

Ann Kristin stiller i heimbygda

Skiskyttaren Ann Kristin Aafedt Flatland gjer eit lite comeback i helga. Det skjer under rulleski-NM på heimebane i Vik, skriv Sogn Avis. Leiar for skiskyttargruppa i Vik IL, Trude Undebakke, seier dette er stor stas. Begge Bø-brørne og Tiril Eckhoff er blant landslagsutøvarane som deltek, og Undebakke seier det er viktig for rekrutteringa at eliten stiller i NM.

Flatland i Sotsji-OL
Foto: ODD ANDERSEN / Afp