Hopp til innhold

Alvorleg skadd i tunnelulukke

Tilstanden til 85-åringen som køyrde i fjellveggen i Amlatunnelen på riksveg 5 laurdag er kritisk, men stabil, opplyser Haukeland universitetssjukehus.

Mannen vart send til sjukehuset med luftambulanse etter ulukka.

Tilstanden til mannen var så alvorleg at han no er flytta til Haukeland universitetssjukehus.

Søndag ettermiddag var tilstanden kritisk, men stabil. Han er operert og vert no intensivbehandla.

85-åringen måtte skjerast laus frå bilen etter ulukka, som skjedde der vegen deler seg inne i Amlatunnelen ved ferjekaien på Mannheller.

Det var ikkje andre køyrety involvert i ulukka, og 85-åringen var åleine i bilen.

- Me veit førebels ingenting om årsaka, seier Kjetil Avsnes på politiet sin operasjonssentral.

Dei fekk melding om ulukka klokka 12.21.

Tunnelen var stengd i vèl ein time.