Torsdag gjekk startskotet for den 22. Førdefestivalen. Festivalen vert rekna som det største fleirkulturelle musikkarrangementet i Norge og i år er det sterke kvinner som står i fokus.
- LES OGSÅ:
Og kva er då meir naturleg enn å invitere kvinnelege superstjerner frå heile verda. Frå Mali kjem songaren Oumou Sangaré. Eit aldri så lite kupp.
- Sjølv i bilen blir kjem journalistane og fansen og kastar seg over meg, fortel Sangaré om pop-stjernestatusen ho har i Afrika.
Men skilnaden er stor frå kvardagen i Afrika og i vesle Førde langt unna heimlandet Mali. At nesten ingen kjenner ho att er ho nesten litt glad for.
- Det er godt å vere på ein plass der ikkje folk spring etter meg kor enn eg går, seier ei lattermild afrikansk superstjerne.
- LES OGSÅ: