Ægir gjekk heilt til topps

Mikrobryggjeriet Ægir i Aurland vann laurdag den gjævaste ølprisen under matgallaen i Stavanger.

Evan Lewis, Lisbeth Bergh-Hansen og Aud Melås

PRIS: Lisbeth Bergh-Hansen delte ut prisen Årets Øl, her flankert av vinnarane Evan Lewis (t.v.) og Aud Melås.

For ølet Ægir India Pale Ale fekk aurlandsbryggeriet prisen Årets Øl 2012.

– Utruleg gøy å kunne løfte eit så bra lokalt produkt. Sogn har lange og gode øltradisjonar og dette er absolutt ein fortent vinnar, seier prisutdelar, fiskeri- og kystminister, Lisbeth Berg-Hansen (Ap).

Pris til Kinn

I alt 90 øl frå 21 bryggeri i 15 fylke deltok i konkurransen som inngår i Det Norske Måltid. Blant dei fem finalistane var ikkje mindre enn to bryggeri frå Sogn og Fjordane .

I tillegg til Ægir, fekk Kinn Bryggeri i Florø prisen for Årets kveiteøl for Kinn Jubileum.

– Ølet er godt balansert, har god søtleik og står fram markert bitter med lang ettersmak. Det representerer solid handverk og er eit særskilt typeriktig øl innan si klasse, skriv juryen.

– Kompromisslause

Ægir Bryggeri er ei suksesshistorie frå ende til annan sidan dei som første ølbryggeri i fylket starta opp i 2007 . Nyleg invisterte mikrobryggerie 18 millionar i nybygg . Dei flytta også all produksjon heim til Norge. I fjor selde bryggeriet 350.000 liter øl, og Lewis seier dei allereie ser behov for å ta i bruk eit par nye tankar for å klare å ta hand om etterspurnaden.

I år ventar dei å selje nærare 550.000 liter øl.

– Dette er veldig stort for meg personleg. Det er ei oppskrift eg brukte 11 år på å utvikle som heimebryggjar. Det er veldig stort også for bryggeriet å få ei stadfesting på at vi lagar øl i verdsklasse, seier Lewis til NRK.no.

Utvikla over 11 år

Lewis fekk tidleg interesse for ølbrygging og byrja å brygge heime som 17-åring i 1989.

– Det å utvikle eiga oppskrift er utruleg kjekt og moro. På midten av 90-talet fekk eg augo opp for hummelsortar og gjærstammar, så då var det å eksperimentere for fullt, fortel han og ølet som blir rekna som sjølve flaggskipet for bryggeriet.

Difor har ølet også fått namnet Ægir, som i norrøn mytologi blir omtala som ein jotne og herskar av havet.

– Stort for øl-Norge

I fjor vann same ølet også klassa Årets Ale under matgallaen. I år stakk dei også av med den gjævaste prisen.

– Ølet er det same, men skilnaden er så enkel at vi har fått nytt produksjonsbryggeri i drift. I eit par år var 50-60 prosent av produksjonen lisensbrygga. No er alt «heime», seier og held fram:

– Det er stort for øl-Norge generelt. Ein skal ikkje mange år tilbake før smaksrikt og hummelrikt øl var skremmande for folk flest. Dette er ein siger for ølets mangfald, jublar han.

Fleire prisar

Bryggeriet i Flåm vart starta opp av ekteparet Evan Lewis og Aud Melås då dei reiste frå godt betalte jobbar i Silicon Valley.

Juryen trekte fram Evans kompromisslause haldning til kvalitet i ølbrygginga og Auds kunnskap om økonomi. Salet auka i 2011 med 115 prosent grunna større distribusjon. Ægir er tidlegare kåra til Årets Bryggeripub i 2008, 2009 og 2010.