Hopp til innhold

«Får du betennelse, blir det din død»

Her er lista over ufin oppførsel som pasientane i Sogn og Fjordane har måtte tole frå helsepersonell på sjukehusa i fylket.

Lisa Refsnes

HO FÅR KLAGENE: Lisa Refsnes er pasient- og brukarombod i Sogn og Fjordane.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Pasient- og brukarombodet i Sogn og Fjordane har handsama 689 klagesaker mot Helse Førde frå 2013 og fram til førre fredag.

I fjor hadde ombodet 160 klagesaker om Helse Førde på sitt bord. Og mykje av det gjaldt dårleg oppførsel frå enkelte helsetilsette.

Beskjedar som «vaksne mannfolk treng ikkje bedøving» og «får du betennelse, blir det din død» og «nei, dette er psykisk» er ting som pasientane i Sogn og Fjordane har måtte tole frå helsepersonell dei siste fire åra.

For førstnemnde enda det med ei svært smertefull behandling.

Dårleg oppførsel

Andre beskjedar pasientar har fått er:

«Kommunehelsetenesta, vil du verkeleg dit?» og «Dette er eit sjukehus, vi har det travelt!»

«Hysj, eg vil ikkje prate med ho. Sei at eg har gått!» (pasient overhøyrde samtale mellom lege og sjukepleiar på eit bakrom).

«Eg kan føle den dårlege stemninga blant dei tilsette her...»

«Gjer som du vil!»

«Nei, du må kle på deg sjølv» (til person som var for dårleg til å få på seg tøyet på eiga hand).

– Tullefeil

– Øvst på statistikken vår er dei som meiner dei er påført ein pasientskade under behandlinga, og så dei som meiner dei har fått ei forsinka diagnostisering av sjukdomen sin.

På tredje plass er dårleg oppførsel og manglande omsorgsfull hjelp, seier Refsnes.

Ho kallar utsegnene for tankeløyse.

– Det er sånne tullefeil. Det handlar i mange tilfelle om formålslaus babling i pasienten sitt påhøyr. Det handlar om å tenke før du snakkar.

– Det å vere medvite rundt dette, å jobbe for å få vekk slik unotar, er viktig, meiner ho.

Pasient- og brukarombodet understrekar at dei positive pasientopplevingane, som det er mange av, ikkje kjem inn på hennar bord.

Og at behandlingsstadane i Helse Førde ikkje skil seg nemneverdig ut frå resten av landet.

– Men sjølv om tala er små i høve den totale pasientmengda så er det alvorleg nok for dei det gjeld. Det er sjuke menneske, og det er ein ubalanse i maktforholdet mellom lege og pasient.

Lisa Refsnes

PRESENTASJON: Øvst på statistikken tronar dei som meiner dei har fått ein skade av behandlinga, eller diagnosen er komen seint, ifølge pasient- og brukarombod Lisa Refsnes. Styret i Helse Førde fekk tala førre fredag.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Verst i Førde

Sentralsjukehuset i Førde får 75 prosent av klagene. Sjukehuset i Lærdal får minst. Men det er ikkje helseføretaket det er noko gale med, ifølge Refsnes.

– Det er enkeltståande helsepersonell sin feil. Og enkeltpersonar som oppfører seg på ein dårleg måte. Ikkje ein systemfeil med Helse Førde, seier ombodet.

Det er ikkje berre negative opplevingar det blir klaga over. Nokre pasientar klagar over at helsepersonellet er for positive.

– I samband med kirurgi seier nokre pasientar at dei ikkje fekk tilstrekkeleg info om risikoen ved inngrepet. Dei har berre blitt fortalt at «dette går fint» og at «dette skal gå bra». Men så viste det seg til slutt at det ikkje gjekk bra likevel, seier Refsnes.

Kirurg og overlege ved sentralsjukehuset i Førde, og legetillitsvald, Jens Ola Evjensvold, er takksam for tilbakemeldingane frå ombodet.

– Vi i legestanden er bunden av etiske reglar og kollegialiteten vår. Vi bør få tilbakemelding på hendingane, og analysere dei. Dersom nokon har handla ubetenksomt og det er grunn til å orsake seg, så er det klart at ein skal gjere det, seier Evjensvold.