– Sjekk båten og hald deg edru

Mange tek sjøvegen til Utkantfestivalen i Gulen i helga. Politibåten skal også vere til stades under festivalen for å sikre eit så trygt arrangement som råd. Politibetjent Torgrim Flaten har fleire råd til festivaldeltakarane. – Vi vil oppmode om å kontrollere båten før dei reiser, og at alt er i orden slik at det ikkje skjer ulukker. Sjekk at det er redningsvest til alle, og føraren må halde seg edru.