Hopp til innhold

– Ei gåte at ikkje Nordfjord jobbar med å bli ein storkommune

Ex-fylkesmann Oddvar Flæte meiner heile Nordfjord vil vere perfekt som ein stor kommune. – Det er ei gåte at dei ikkje byrjar å leite fram felles løysingar, seier han.

Nordfjordkommunane

På same tid som ti kommunar med utgangspunkt i Sunnfjord til Ytre Sogn og Nordfjord har teikna intensjonsavtale om ein storkommune, stranda arbeidet i Nordfjord allereie i startfasen.

Medan Selje, Vågsøy, Eid og Gloppen ville greie ut ei storkommune, nektar Stryn og Hornindal å vere med på slike utgreiingar.

– Det er kanskje det mest komplimentere og interessante vi har, seier Oddvar Flæte om tanken på Nordfjord som ein storkommune.

– Viktigaste er å snakke

Førde-ordførar Olve Grotle og styreleiar Oddvar Flæte i Førdepakken.

EI GÅTE: Oddvar Flæte (t.h.) jobbar for sunnfjordkommunane med kommunereforma. Han meiner det er ei gåte at ikkje ein tenkjer stort i Nordfjord også.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Den tidlegare fylkesmannen jobbar no for kommunane i Sunnfjord med kommunereforma. Han oppmodar lokalpolitikarane i Nordfjord om å legge gamle kjepphestar til sides.

I Sunnfjord starta det med fem kommunar. Etter siste møtet melde også ein tiande kommune, Solund, si interesse.

– Kanskje dei burde samla seg og blitt samde om å møtast for å finne visjonen for utvikling av området? Det viktigaste er i grunn at ein torer å snakke saman, seier Flæte.

– Ein perfekt kommune

Etter at «Stornordfjord» stranda, blir det no greidd ut to eller tre kommunar i Nordfjord. Ei med Selje, Vågsøy og Eid. Ei anna med Stryn, Hornindal, Eid og Gloppen. Berre Eid og Gloppen er også ein moglegheit.

Flæte meiner eit samla Nordfjord er ein perfekt kommune.

– Nordfjord er eit fantastisk område i fylket. Dei er gode på næring, på kultur, utdanning, offentlege arbeidsplassar, reiseliv, fiske og landbruk, seier han.

Luftar tanken igjen

Morten Hagen

POSITIV: Morten Hagen (H) og Vågsøy vil gjerne vere med i ein storkommune i Nordfjord.

Foto: Silje Guddal / NRK

Når Nordfjordrådet møtast i dag, luftar Eid Høgre tanken igjen. Høgreordførar Morten Hagen i Vågsøy meiner det som no skjer i Sunnfjord kan vere grunn til å tenkje seg om att.

– Frå vår side så er det opna for å greie ut ein Nordfjordkommune. Vi har sagt at det må vere semje om det i Nordfjord. Det er det ikkje så langt, seier han.

Inst i Nordfjord er ordførar, og partikollega, Sven Flo nøgd med prosessane slik dei står no.

Nøgd stryneordførar

Sven Flo og Alfred Bjørlo

VIL IKKJE – VIL: Sven Flo (H) og Alfred Bjørlo (V) er ordførarar i kvar sin kommune, og har ulike syn på kommunesamanslåinga.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Flo vil ha Eid, Gloppen, Stryn og Hornindal i ein kommune.

Dei vil ikkje diskutere med kysten.

– Vi meiner ein samanslåing av dei fire kommunane i midtre/indre er ei god løysing. Det vil etter kvart, når både kommunikasjonar og alt fell på plass, bli ein veldig kompakt kommune. Eg trur også at vi klarer å utfylle kvarandre på ein god måte, seier han og legg til at prosessen vidare viser kva sluttproduktet blir.

Bjørlo støttar Flæte

Ikkje uventa støttar ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V), Flæte sine tankar.

– Så vil vel mange meine at det er lett for ordføraren i Eid å seie det?

– Nei, eg trur ikkje vi kan vere så redde kvarandre at vi er i mot å få fakta på bordet, fordi vi trur at nokon har skjulte agenda for å ønske det. Det er ingen personlege ambisjonar eller ambisjonar for Eid, men det handlar om å sjå heile regionen sitt beste for framtida, slik dei gjer sør for i Sunnfjord og nord for oss på Sunnmøre.