Hopp til innhold

Fredagspanelet om treige sunnfjordingar: – Ingen røyk utan eld

Høyr fredagspanelet diskutere «den treige sunnfjordingen». Gå ikkje glipp av den kostelege responsen frå ein sunnfjording når Eva Marie Halvorsen heldt si første politiske tale.

Eva Marie Halvorsen og Sveinung Nordtveit

TILFLYTTARAR: Både Eva Marie Halvorsen og Sveinung Nordtveit er tilflyttarar og meiner det er noko i påstanden om den treige Sunnfjordingen.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Gårsdagens reportasje i NRK om kva som skal til for å få ein sunnfjording i tale, har skapt stor debatt på Facebook, og både tekstmeldingar og telefonar har hagla inn.

Her kan du høyre reportasjen:

Ryktet som stillferdige og trauste er ikkje tilfeldig, meiner Eva Marie Halvorsen, dekan ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og tidlegare Høgre-politikar.

– Ingen røyk utan eld, så det er nok noko i at folk er trauste her. Dei tenkjer seg godt om i forskjellige samanhengar, seier ho.

Medpanelist Sveinung Nordtveit, barnehageeigar og tidlegare Ap-politikar er meir usikker i sin sak, men seier mor hans si skildring av «ur-sunnfjordingen» kan ha noko for seg.

Bonusen som er lagt ved, er Eva Marie Halvorsen si mobbing av nordfjording og programleiar Gro Ravnestad på slutten av praten.