– Hunden må døy etter at sauen angreip

SANDANE (NRK): Politiet vil at hunden Nala skal tvangsavlivast etter sauedrap. Eigarane seier sauen angreip hunden fyrst.

Hunden Nala og eigarane

FORTVILA: Den tre år gamle hunden Nala er ein blanding av Alaskian Malamute og labrador. Hilde Eide passa hunden då den drap sauen. Tommy Fredriksen er eigaren.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Dette var eit skikkeleg uhell, og det var sauen som angreip. Eg prøvar å ikkje tenke på at han kan bli avliva, seier Hilde Eide.

Berre i år vil politiet få nær 800 meldingar for brot på hundelova. Årleg får Politidirektoratet i snitt 15 klager på avlivingsvedtak.

Regjeringa går no gjennom hundelova på nytt. Hundeeigarar fryktar tilfelle avgjer liv og død.

Hunden drap sauen

Det var måndag 10. september at Hilde Eide lufta hunden. Eide er sambuar med Tommy Fredriksen som eig hunden.

På stien ved Tystadstøylen gjekk ein sau med tre lam, fortel Eide og Fredriksen.

– Hilde prøver å passere. Ho held Nala i band tett bak seg. Brått kjem sauen og stangar hunden to til tre gonger. Den klyv oppover hunden med frambeina. Nala prøvar å hoppe unna. Hundekobbelet surrar seg rundt beinet til sauen. Hunden riv seg laus, og tek av stad knytt til sauen. Deretter tumlar dei ned ei svært bratt skråning, forklarar Fredriksen.

Eide finn hunden og sauen på ein avsats. Dei heng framleis saman. Sauen er død med avbiten strupe.

Dei melder frå til bonden. Seinare krev bonden hunden avliva.

– Hunden vart angripen. Dette er sjølvforsvar og ikkje aggressivitet, meiner Fredriksen.

Fredriksen innser at hunden ikkje burde passert sauen, og heller funne ein omveg.

Rekonstruksjon for Lana

REKONSTRUKSJON: Privatetterforskar Håvard Aksnes, og tidlegare politihundinstruktør Kittil Haugen er leigd inn for å hjelpe paret som no kjempar for hunden sin.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Eit veksande problem

Det siste sju åra har talet meldingar etter brot på hundelova auka med nesten 25 prosent. I år kan det for fyrste gang på lenge bli ein nedgang.

Bøndene er bekymra. Leiar i Sogn og Fjordane Sau og Geit, Ragnhild Sæle, seier mange hundeeigarar ikkje respekterer bandtvangen.

– Bønder møter ofte hundar som går lause. Slike hundeeigarar øydelegg både for seg sjølve og andre, seier Sæle.

Ragnhild Sæle

BEKYMRA: Ragnhild Sæle er fylkesleiar i Norsk Sau og Geit, og eig sjølv to hundar.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Ein sau som går til angrep på hund er eigentleg ei god mor. Slike sauer vil også beskytte avkomma mot revar og liknande, seier Sæle.

Politikarane vil ha gjennomgang

Eigaren av den drepne sauen vil ikkje uttale seg.

Justisdepartementet tar no ein gjennomgang av hundelova. Sveinung Rotevatn (V) var pådrivaren for dette i førre stortingsperiode.

– Fortvila hundeeigarar meiner det er for lite fagkunnskap om kva hundar som er farlege og må avlivast, seier Rotevatn.

– Det finst farlege hundar som bør avlivast, men det kan også vere tvilstilfelle og gonger politiet gjer feil, seier han.

Håpar hunden kan bergast

Tommy Fredriksen har hyra inn privatetterforskar og hundeekspert for å rekonstruere hendinga.

– Eg er veldig redd eg ikkje når fram med klagen. Slik hundeloven står fram har hunden ingen rettar, seier han.

Hunden Nala

KAN BLI AVLIVA: Politiet vil at hunden Nala skal tvangsavlivast etter sauedrap.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK