Hopp til innhold

– Du må teste drikkevatnet ditt

Alle som hentar drikkevatn frå brønn bør teste vatnet sitt, seier dagleg leiar på laboratoriumet Sunnlab i Førde, Stig Tjelle, til Firda. Laboratoriumet finn bakteriar i private brønnar kvar veke. Førre veke blei det påvist tarmbakteriar i drikkevatnet i to kommunar, Førde og Solund. Dei har også funne e.coli-bakteriar i drikkevatnet frå fire private brønnar i Førde, Jølster, Høyanger og Gloppen.

Drikkevann
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix