Hopp til innhold

22. og 9. plass for Tefre

Gøran Tefre frå Førde starta ikkje søndagen 30 kilometer klassisk under Skandinavisk Cup på Lillehammer. Laurdag kom han til semifinalen i sprinten, og vart nummer ni. På 15 kilometer fristil fredag, vart Tefre nummer 22, eitt minutt og 49 sekund bak vinnartida.