Hopp til innhold

200 straffesaker

Talet på straffesaker er omlag 200 til saman, og metodane som er nytta for å skaffe seg dop er internet og eigne web-forum.

Gunnar Englund

Etterforskingsleiar Gunnar Englund under pressekonferansen.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Det seier politimann Gunnar Englund på pressekonferansen.

- Dette er med på å ufarleggjere anabole steroider når det er så lett tilgjengeleg for alle på nettet, meiner han.

Samarbeid

Sogn og Fjordane politidistrikt hadde ikkje klart arbeidet utan hjelp frå andre politikontor

Alderen på dei 63 pågripne spenner seg frå 17 til 40 år. Dei som er involvert i anabole steroider er menn mellom 30- 35 år.

Politiet presiserer at dei ikkje har arrestert nokon som driv med organisert idrett i det store beslaget av tablettar.

Fann våpen

Det er også gjort beslag av våpen i Førde og Bergen.

Politiet har funne batongar, dynamitt, men også ei avsagd hagle og imitasjonar av våpen er beslaglagt.