Hopp til innhold

2 - 1 til Sogndal 2

Sogndal 2 trekte til slutt det lengste strået i 3. divisjonsoppgjeret mot Høyang.

Fotball Ill.
Foto: Kari Løberg Skår / NRK

I 90. minutt sette Kai Risholt inn den avgjerande straffen for Sogndal 2.

- Dette var ein veldig heldig siger for Sogndal 2, seier Joar Solberg, som såg kampen.

Alle skåringane i andre omgang

Første skåring kom i 64. minutt, og var ved Høyang-spelar Morten Kåre Eriksen. Seks minutt seinare fekk Ørjan Hopen inn ein nettkjenning for Sogndal 2.

- Det var heilt klart Høyang som hadde flest målsjansar, seier Solberg.

Nr 2 frå topp og botn

Før denne kampen låg Sogndal 2 på 2. plass på tabellen etter å ha vunne første seriekampen 4-1. Høyang startar også serien som nummer 2, rett nok viss ein les tabellen nedanfrå. Dei har målskilnaden 0 - 1 etter første seriekamp.