Avdelingsleiar Leif Eide har lenge frykta at alle 16 tilsette kunne missa jobben. Han er difor både letta, men også skuffa over vedtaket.
- Det er klart vi er skuffa, men det verste hadde vore om vi vart heilt vekke, seier han.
Færre brukara
Heilt sidan i haust har dei 16 tilsette ved Teksttelefonsentralen i Leirvik venta på avgjerda frå Telenor. Sentralen er eit tilbod for hørselshemma, talehemma eller andre som ikkje kan bruka ein vanleg telefon. Men færre og færre brukar denne tenesta. Telenor har vurdert å legga ned heile sentralen i Leirvik, no fjernar dei seks årsverk.
Slutt neste sommar?
Det betyr at 10 av dei 16 tilsette frå mars ikkje lenger har nokon jobb og gå til. Men også framtida for dei som i første omgang får fortsetta i jobben kan sjå mørk ut.
- Vi har fått signal om at frå sommaren 2007 kan alt vere vekke, seier Eide.
- Må tenkje alternativt
Karen Johanne Strømstad som er organisasjonsdirektør ved Opplysningen AS, innrømmer at dei no må tenkja alternativt for å klara å halda på arbeidsplassane i framtida.
- Teksttelefonen er ei teneste med synkande trafikk, og difor er dei nok budde på at det på sikt kanskje ikkje er arbeid innafor tektstelefonen. Men vi set oss gjerne ned saman med kommunen for å sjå om det er alternative arbeidsoppgåver som kan leggjast til Leirvik, seier ho.
Prøver å vere positive
Også Eide seier dei ikkje vil gje opp, men prøva å vera positive for å berga det som er att
- Nå får vi beskjed om at vi får behalde litt, som ei spire til å skape noko nytt. Og vi får behalde lokale og utstyr, så vi må prøve å vere positivte, seier han.
Harry Mowatt
- God magekjensle
Ordførar i Hyllestad, Harry Mowatt, seier at han har ei god magekjensle etter eit møte med Telenor i dag. Det føreligg ingen konkrete planar om korleis ein skal erstatte dei 10 arbeidsplassane som går tapt ved teksttelefonen i kommunen. Men Mowatt håpar at det skal kome nye arbeidsplassar anten gjennom Telenor eller ved at det tilsette sjølv startar opp med ny aktivitet.