Hopp til innhold

Syklist fall ti meter

Ein mann i 20-åra er sendt til Førde sentralsjukehus etter ei sykkelulukke i Vindedalsvegen i Lærdal. Mannen fall av sykkelen og ramla over ein kant og kring ti meter ned ein skrent. Syklisten skal var bevisst, men kom seg ikkje opp på eigahand. – Ein treng truleg tau for å få vedkommande opp att, opplyste operasjonsleiar Terje Magnussen ved Vest politidistrikt.