Hopp til innhold

Gode resultat for Braanaas

Oppdrettsselskapet Firda Seafood Group gjekk i fjor med eit overskot på 256 millionar kroner etter skatt, skriv Finansavisen. Selskapet der Ola Braanaas er eineeigar omsette i fjor for nær ein milliard kroner. Gründeren seier til avisa at ein ikkje kan legge skjul på at lakseprisen i fjor har mykje av æra for det gode resultatet.