Hopp til innhold

Stum drosjepassasjer fekk bot

Ei kvinne i 30-åra har fått 6.000 kroner i bot etter ein vel fuktig bytur i mars i år. Ein drosjesjåfør tilkalla politiet då kvinna nekta å seie noko som helst då ho okkuperte drosja. Noko seinare tok kvinna seg inn i ein privat bustad og nekta å gå. På veg til arresten var kvinna heller ikkje samarbeidsvillig ovanfor politiet. Kvinna har godteke bota.