Hopp til innhold

Lyngbrann på Stadlandet

Brannvesenet måtte like før klokka 02 natt til fredag rykke ut til ein brann ved ein transformatorstasjon i Daleskaret på Stadlandet. Det brann i lyngen rundt transformatoren, og sju mann frå stasjonen på Stadlandet fekk raskt slått ned flammane. Vaktleiar Frode Korneliussen ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane seier brannen skuldast ein jordfeil i transformatorstasjonen. Eit område på rundt 20 meter rundt trafostasjonen er avsvidd.