Hopp til innhold

Opna opp etter steinras

Fylkesveg 92 mellom Arnefjord og Vik er no opna opp att, etter at vegen var stengd grunna eit steinras. Det tok eit par timar å rydde opp etter raset. No skal det ikkje vere meir rasfare, men vegvesenet fortel likevel at dei vil ha vakt på staden i løpet av kvelden.

Ras i Vik
Foto: Kjell Brekke