Hopp til innhold

På sjukehus med lungekollaps

Volleyballproff Geir Eithun frå Førde hamna denne veka på sjukehus etter at den eine lunga kollapsa, skriv Aftenposten. På sandvolleyballforbundet si Facebookside fortel han at han ikkje gjorde noko spesielt då det skjedde, men fekk plutseleg veldig vondt i brystet. Geir Eithun ynskjer å satse på volleyball igjen, og truleg kan det bli noko innandørs også i vinter, skriv avisa. Men først må han bli erklært frisk igjen.