Hopp til innhold

Krev nynorsk i vest

Styret i Sogn og Fjordane Mållag har varsla dei tre fylkesordførarane i Vestlandsregionen at dei ikkje kan akseptere at ein ny region blir språknøytral. Det vart mykje uro etter at det i avtalen om ein ny region ikkje ligg ei klar føring på om nynorsk eller bokmål skal vere offisielt språk. I brevet skriv mållaget at dei forlangar at nynorsk blir administrasjonsspråk.