Hopp til innhold

Møtest om Fjord1-saka

I dag forklarer fylkesrådmann Tore Eriksen seg for kontrollutvalet i fylkeskommunen om Fjord1-saka. Nyleg konkluderte ein rapport med at fylkeskommunen har brote lova om offentlege anskaffingar av konsulenthjelp, til økonomisk og juridisk rådgjeving. Leiar i kontrollutvalet Frank Willy Djuvik seier dei no vil ha greie på kva som faktisk har skjedd, og korleis det kunne skje.