Ulrik Flo til Fredrikstad
Fotballspelaren Ulrik Flo skal spele i Fredrikstad Fotballklubb i haust, skriv FKK på heimesida si. Han har i første omgang skrive kontrakt med 1. divisjonsklubben ut sesongen. Flo har den siste tida spelt for den danske Superliga-klubben Silkeborg.