Hopp til innhold

Dømd for fyllekøyring

Ein sunnfjording i 40-åra er i Fjordane tingrett dømd til fengsel på vilkår i 120 dagar for tre tilfelle av fyllekøyring. I den omfattande dommen blir det peika på at soning i fengsel ikkje vil hjelpe på mannen sitt alkoholproblem, og føreset at han no får behandling for å hindre køyring i rusa tilstand i framtida.