Dårlege tider for Moods
Moods of Norway hadde i 2015 ein omsetnadsnedgang på 5,3 prosent. Det melder Dagens Næringsliv. Bransjerapporten frå Virke syner at verksemda til gründerane frå Stryn er den som har størst nedgang i den norske klesbransjen. Moods-sjef Jan Egil Flo seier til avisa at det er ein tøff marknad, og at dei merkar det godt når arbeidsløysa stig.