Fleire kontaktar pasientombodet
Så langt i år har 86 personar tatt kontakt med Pasientombodet i Sogn og Fjordane. Det er ein auke på 45 prosent samanlikna med kva som har vore vanleg i same periode dei siste åra. Pasientombod Lisa Førde Refsnes (biletet) trur mykje av forklaringa på auken er at tilbodet er blitt betre kjent og at terskelen for å ta kontakt er blitt lågare.