Gruveklage avvist
Regjeringa har i dag avvist ei klage retta mot utsleppsløyvet for Engebø-prosjektet, skriv avisa Firda. Klaga kom frå ulike miljøorganisasjonar, men vart avvist av Kongen i Statsråd. Dette betyr at utsleppsløyva til gruveselskapet no er endeleg og ikkje kan bli påklaga ytterlegare, står det i ei pressemelding på Oslo Børs sin nettstad.