Hopp til innhold

Stakk frå trafikkuhell

Ein førar kan vente seg oppgjer med politiet etter eit trafikkuhell i Årdal. To bilar var i ettermiddag involvert i ein samanstøyt, det vart ikkje personskadar. Den eine føraren stakk frå staden etter uhellet, saka blir no følgd opp vidare av lensmannskontoret.