Hopp til innhold

Privat eigedomsskatt i Bremanger

Det går mot eigedomsskatt på hus og fritidsbustader i Bremanger, dersom kommunestyret vedtek budsjettforslaget frå rådmannen.- Det er ikkje noko vi gjer med lett hjarte, seier Høgre-ordførar Audun Røys til Firdaposten. Han seier ein tøff økonomisk situasjon er grunnen, og at Terra-saka framleis er ei utfordring. 25 av 26 kommunar i fylket har ei eller anna form for eigedomsskatt. Berre Hornindal har til no ikkje innført skatten.