Hopp til innhold

Hund drap 14 kalkunar

14 kalkunar i Solvorn vart truleg drepne av ein hund i løpet av natta. Det er mistanke om at hunden er sleppt inn og ut av ei innhegning, då det ikkje er andre opningar. Politiet ønskjer tips i saka og kan kontaktast på 02800. Luster lensmannskontor etterforskar saka vidare.