- Vi er stumme av beundring

- Operasjefen i Bjørvika sparte ikkje på rosen frå scena etter Opera Nordfjord sin Oslo-premiere på Tryllefløyten.

- Det er heilt unikt det de gjer. Vi er rett og slett stumme av beundring, sa Per Boye Hansen frå scena rett etter premieren i operahuset i Oslo fredag kveld.

Tok med seg kulissar og kostymer

For halvanna år sidan hadde Opera Nordfjord premiere på det same stykket heime på Nordfjordeid. Men denne helga viser dei stykket for tre fulle hus i operahuset i Bjørvika. 1200 personar kjem til å sjå stykket i løpet av tre dagar.

Stor dugnadsinnsats

Scenegjengen frå Opera Nordfjord i Bjørvika

Scenegjengen frå Opera Nordfjord før premieren i operahuset i Oslo.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Spenning, glede og ro prega stemninga bak scena rett før premieren. Over 100 aktørar har tatt med seg både kulissar og kostymer til det spektakulære operahuset i Oslo. Mange legg ned stor dugnadsinnsats, og for ein del er dette årets vinterferie.
- Det er kjempeflott å få vere med å jobbe i eit så fantastisk hus, seier Jan Sætre som har vore med i Opera Nordfjord sidan oppstarten.

-Enorm energi

Etter førestillinga, og etter fem minutt med ståande applaus frå publikum var operasjef Kari Standal Pavelich berre glad.
- Det var ei fantastisk oppleving. Det var ein enorm energi i salen, i orkestergrava og på scena. Det fungerte veldig godt musikalsk og vi fekk flott respons frå publikum, sa operasjefen frå Nordfjord då teppet var lukka.

-Ei gåve til operaen

Kari Standal Pavelich og Per Boye Hansen

Kari Standal Pavelich og Per Boye Hansen før Oslo-premieren av Tryllefløyten fredag kveld

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

I salen sat altså også Operasjefen ved Den Norske Opera, Per Boye Hansen. Då han tok ordet frå scena var det berre ros å høyre.
- Det er ei gåve å ha Opera Nordfjord her med denne førstillinga. Når vi berre har to operahus i Norge, så skulle det berre mangle om vi ikkje reiste på besøk til kvarandre, sa ein smilande blid Hansen.

- Det satt som ei kule

Dirigent Michael Pavelich var også over seg av begeistring etter premieren.
- Vi er så nøgd. Per Boye Hansen kom til meg og sa det var enno betre enn når vi sette det opp heime på Nordfjordeid. Eg er einig. Denne veka vi har hatt med øving i Oslo har gjort førestillinga enno morsomare og tettare. Det satt som ei kule, sa Pavelich.

- Vil tilbake til Bjørvika

Skal ein tyde signala både frå Opera Nordfjord og Den Norske Opera er det ikkje siste gong ein ser førestillingar frå Nordfjord i Oslo.
- Vi kjem gjerne tilbake for vi er blitt heilt fantastisk godt tatt imot. Men først skal vi heim og gjere mange spennande ting på heimebane. Men vi har lyst tilbake, sa Kari Standal Pavelich på spørsmål om dette har gitt meirsmak.