Hopp til innhold

- Turistane er på gråten

Fleire hundre turistar fekk ikkje den opplevinga dei hadde betalt for på Nærøyfjorden på søndag.

Nærøyfjorden

På grunn av streik er nemleg turistferja "Gudvangen", som går mellom Flåm og Gudvangen, innstilt. Langvegsfarande heilt frå Asia og Amerika fortvilar fordi dei ikkje fekk sjå fjorden som no står på UNESCO si verdsarvliste.

- Ein del av dei var så ivrige etter å få sjå ein fjord at dei sjølve leigde seg båt på eighand for å kome seg ut på fjorden, og difor måtte ta ein relativt stor kostnad med det. Dei som ikkje fekk tur på fjorden var fortvila og nesten på gråten. Eg forstår det veldig godt. Dei har reiste langt og fjordturen er høgdepunktet på reisa, seier reiselivssjef Noralv Distad.

- Det var mange som har reist jorda rundt for å sjå fjordane, og som dessverre måtte ta bussen gjennom tunnelen. Dei var svært skuffa og fortvila, legg han til.

Dobbel bemanning

Fleire hundre turistar hadde alt betalt turen med M/F "Gudvangen" på Nærøyfjorden på søndag. Men på grunn av konflikten mellom sjøoffiserane og Rederienes landsforening vart turistferja innstilt frå søndag morgon.

Heile søndag jobba turistinformasjonen i Aurland på spreng for å hjelpe turistane som kom for å få ei flott naturoppleving.

- Vi har dobla bemanninga dei første dagane for å sjå korleis dette går. Vi har avlyst alle møte og reiser for dei som jobbar hos oss slik at vi kan hjelpe turistane. Det er svært krevjande å forklare kundane kva som skjer og å hjelpe til med å finne alternative ruter og overnatting.

Fryktar færre turistar

Fjord1 Fylkesbaatane som driv turistferja stilte opp med gratis buss mellom Gudvangen og Flåm, eller tilbod om å følgje ekspressbåten til Bergen.

- Då valde dei det siste. Tunnelturisme er det avgrensa marknad for. Heldigvis var det ikkje fleire enn at alle fekk plass på den båten. Elles har det vore ein del grupper, som har klart å leggje om reiseruta, forklarar Distad.

- Vil denne streiken slå negativt ut for reiselivet i området?

- Eg fryktar at trafikken vil gå ned alt no. Når folk høyrer om streiken, så vil dei ikkje bestille billettar og ta rundturen hit. Vi skuffar turistane og omsetnaden i reiselivet går ned. Det er som alltid den uskuldige tredjeparten som vert råka.

Krev meir pengar

Forhandlingsleiar i Norsk Sjøoffisersforbund, Asbjørn Furnes, seier dei vil streike til det kjem pengar på bordet.

- Det er pengar, og så skal vi ha ein fastlønsavtale og ein tekst som sikrar oss ein kollektiv lønsavtale.

- Kor langvarig trur du streiken vil verte?

- Det er vanskeleg for meg å spekulere i, men det er klart at viss det er vilje frå motparten til å løyse dette så trur eg ikkje streiken vil vare lenge.

Fire samband i streik

Til saman fire ferje- og snøggbåtsamband er no ute i streik her i fylket etter opptrappinga natt til søndag. Frå i dag er også ekspressbåtruta frå Bergen til Selje om morgonen innstilt og returen frå Selje om ettermiddagen. Men ruta frå Selje om morgonen går som normalt.

På Manheller - Fodnes går den eine ferja i døgnkontinuerleg rute, medan Lavik-Oppedal går med redusert kapasitet på grunn av streiken.